Part: BANNER1 Leaf: 120348

YHU Lisjebøvegen 11
6090 Fosnavåg
tlf.70 08 19 20

epost rektor
epost kontor
epost inspektør
Part: CONTENTTEXT1 Leaf: 120348
Part: LOGINSTATUS Leaf: 120348
 
Part: CONTENTTEXT3 Leaf: 120348
Part: PATH Leaf: 120348
Part: PAGETEXT1 Leaf: 120348

Ytre Herøy ungdomsskule

Motto: Å bli gode saman
Visjon: Portopnar for framtida -spegel mot fortida
Verdiar: - Respekt og likeverd
                - Kompetanse og utvikling
                - Tryggleik og trivsel


Ein god stad å vere - ein god stad å lære


Årshjulet

No har vi lagt ut årshjulet med informasjon om hausten 2010. Vi vil søkje å oppdatere denne regelmessig.
 

Litt utrygg, men også spent.

Den nye rektoren ved YHU ønska alle elevar hjarteleg velkomne til nytt skuleår. I talen snakka han om å vere positive og gjere skulen til ein god og trygg stad å vere.
 
 

Prosjektveke 8. trinn

Det årlege prosjektet på Ytre Herøy ungdomsskule handlar om politisk og administrativ organisering,  arbeidsplassar, kulturtilbod, m.m. Både rådhuset og pleie- og omsorgsavdelinga hadde besøk av 8.klassingar frå Ytre Herøy Ungdomskule i førre veke.
 
 

Aktivitetsdag for 8.-klassene ved Ytre Herøy ungdomsskule

Torsdag 3. juni hadde 8.-klassene ved YHu aktivitetsdag. Vêret var ikkje det aller beste, det var både vind og regn. Men det var ingen sure miner av den grunn, berre blide og positive elevar som tok utfordringane dei fekk.

 

Elevane sanka poeng ved å delta i flest moglege aktivitetar som jogging rundt Frøystad, tur til Hornseten og orientering på Bergsøya. Det var også ulike aktivitetar på idrettsbana. Etter aktivitetane var det felles grilling ved idrettsbana med god stemning. Men vêret vart stadig meir "grisete", så etter grillinga lista vi oss opp på skuleloftet og såg ein film. Det var nemleg munnleg eksamen for 10. denne dagen, så vi måtte i utgangspnktet halde oss borte frå skulen.

 

All ros til elevane for flott gjennomføringa av denne dagen!

 

Lærarane på 8.-trinnet

 

Prosjektveke 8. trinn ved YHU

Måndag starta prosjektveke ved Ytre Herøy ungdomsskule der 8. årssteg skal ha kommune og næringsliv på timeplanen. I går var representantar frå Herøy kommune på plass på Loftet på skulen for å informere om kommunen, innhald og tenester. Tysdag og onsdag skal elevane ut på ekskursjon på avdeling for Pleie og omsorg, og Herøy rådhus, der dei skal starte i kommunestyresalen og deretter omvisast på dei fleste avdelingar.
 

IKT-tips: Det periodiske system

Grunnstoffa og det periodiske systemet finst presentert digitalt i mange ulike former på Internett og som nedlastbare program.
Vi tek med ei oversikt her berre som eit tips i kvardagen til elevar og lærarar som måtte leite etter noko slikt...
 
 

EKSAMEN

Skriftleg eksamen:

Tysdag 18. mai får du vite kva fag du kjem opp i. 

20.  mai: Norsk hovudmål
21. mai: Norsk sidemål
25. mai: Matematikk
27. mai : Engelsk

Munnleg eksamen: 3. juni

 

Nye bøker til skulebiblioteka på ungdomsskulane

Barske ramperim er nesten som ei siste helsing frå Ludvigsen alias Gustav Lorentzen. Gustav Lorentzen har omsett Harry Graham sine vittige og rå dikt og gitt dei norsk språkdrakt. Dikta har ein overraskande snert som gjer det farlege litt mindre skummelt.
Magnhild Bruheim har skrive ei ny bok om Kami og Bente, På flukt. Denne gongen handlar det om tvangsekteskap og æresdrap. Kami og Bente har vi møtt før i Ny melding og Venneringen.
Tilstrekkelig vakkert av Synne Sun Løes handlar om Jahanna som er sjuk og veit at ho snart skal døy. Ho brevvekslar med Jenny som ikkje ønsker å leve lenger.
 
 

Endring i skuleskyss Kvalsvik

Frå og med måndag 3. mai vert det ei endring i avgang frå Kvalsvik. (Endringa trer i kraft samstundes med andre endringar i det ordinære ruteheftet, og vil også gjelde komande skuleår.)

Skulebussen snur i ”Kalle-krysset”, på same måte som andre bussruter, og startar derifrå kl. 07.40 om morgonen.

 

 
 

Vaksinering

I samband med vaksinering av skuleelevane har vi klipt frå Herøy kommune si heimeside. Då mykje kan endre seg må ein følgje nøye med.
 

Part: DEPARTMENT Leaf: 120348
Part: PAGETEXT2 Leaf: 120348
Part: CONTENTTEXT4 Leaf: 120348


Part: CONTENTTEXT2 Leaf: 120348
Part: ACTIVITYLIST_MINI Leaf: 120348
Part: PERSONRSSLIST Leaf: 120348
Ytre Herøy ungdomsskule
Part: FOOTER1 Leaf: 120348